
Søndag var me på fjelltur på Ulvåsen, så ungane fekk gå på ski.
Ronja og Jonas var verdensmestera allerede før skia var komt på beina, men vart fort litt meir usikre da skia var komt på.
Øvelse gjer meister!
Så me skal nok opp dit fleire ganger med ungane i løpet av vinteren.
Me hadde med oss solbærtoddy og mange brødskiver med forskjellig pålegg. Både store og små storkosa seg.
Marielle satt godt i vogna dei 2-3 timane me var der. Fjellufta gjorde ho trøytt, så ho tok seg ein litt lur mens me var der.
Eg for min del, fekk nok for mykje frisk luft - for eg låg strak ut på sofaen resten av ettermiddagen. Godt inni pleddet mitt, som eg fekk av min kjære til jul. Der låg eg å kikka på 3 fornøyde ungar med røde kinn, og ein halvsliten gubbe som måtte lage middag til oss:)
Livet er herlig!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar