onsdag 16. september 2009

Røyrlegger..

Nå har eg venta i over 3 timer på røyrleggeren som sa han skulle komme til kl.07:45 i dag.
Slikt irriterer meg grenseløst!! For vi har ikkje varmt vatn, berre iiiiiiiiiiskaldt vatn som ein mister følelsen i fingrene av. Slik har det vert siden 15-tida i går.
Vi er ein småbarnsfamilie som trenger varmt vatn, for pokker...
Røyrleggeren som var her i går, informerte ikkje om at han kopla fra varmtvannstanken. Den kunne for min del berre stått slik den stod, at vatnet rant ut av den - mykje heller det enn å kople den heilt i fra.

Eg har klær som bør vaskes i dag, men tørr ikkje å sette på maskina for da kan eg være trygg på at røyrleggaren kjem med ein gang. Er ikkje "berre-berre" å slå av vaskemaskina heller, for den bruker over 2 timar på ein klæsvask..

Så skulle eg ha vaska hus/golv IGJEN..
Marielle ligg ikkje lenger i ro på leiketeppet sitt. Ruller rundt og rundt. Ligg på magen å vasker golvet med tunga si.. Så her BØR vi holde huset reint!

Men alt det her treng eg vatn og varmt vatn til - så kjære røyrlegger, vær så snill å kom hit snart!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar