tirsdag 23. februar 2010
Blogg..
...der kan dere finne meg....
Vurderer å legge bloggen min der i stedet...
Må berre prøve meg fram, før eg blir enig med meg sjølv.
Velkommen!
En hustavle..
Det er en lykke i livet
Året har mange dage.
-Arnulf Øverland-
Dorull-irritasjon..
Da eg skulle finne meg dopapir i dag, vart eg som vanlig når dorullen er "feil veg", ein smule irritert.
Ikkje at det gikk så veldig inn på meg akkurat, for eg må berre le av meg sjølv og mine tvangstanker.
Etter min meining skal dorullen henge med papiret ut mot rommet, ikkje inn mot veggen.
Eg skal ærlig innrømme at er eg hos andre, kan eg godt finne på å snu dorullen hvis den henger "feil" i mine auger..
Hehe!
Kanskje kjem det andre etter meg å fikser dorullen igjen - for alt eg veit. For dei kan meine motsatt av meg.
Eit undersøkelsesresultat eg fann på internett, viser at dei fleste er som meg. At dei vil ha dorullen ut mot rommet.
Slik henger vi dorullen:
Inn mot veggen: 9,3 prosent
Ut fra veggen: 69,9 prosent
Spiller ingen rolle: 20,8 prosent
(Kilde/Bilde: Visendi)
Her har eg virkelig posta eit innlegg om doruller, slå den dere!!
Hehe!
Kva er rett og gal veg for dere, med tanke på doruller..?
mandag 22. februar 2010
Vinterferie..
Så var eg på eit etterlengta besøk til min bestevenninne, Hilde.
Ho fekk sønn nr.3 rett før jul. Så eg var å såg han for første gang. Dulla litt, som eg bruke å sei!
Eit kort referat fra dei siste dagane..
Håper alle har ein fin vinterferie:)
Har du vinterferie no?
Kva bruker du feriedagene til?
onsdag 17. februar 2010
Roser..
Om dagane bruker eg desse to produkta også, i tillegg til at eg stort sett retter håret mitt med rettetang:
Produkta er frisørsalongpriser, men eg ønsker meg slikt til bursdager/jul og evt andre anledninger. I tillegg har stempelkort hos frisøren, så av og til får eg rabatt på slike produkt.
Fann ei side på nettet som selger slike produkt, det er derifra eg eg lånt bilda:
www.beautybay.com
Kanskje eg skal prøve å bestille derifra..
Berre så dumt med den idiotiske tollavgifta.
Minstesnuppa var med pappaen sin til legen i dag, og fekk medisin for den stygge hosten sin. Fekk sprøytestikk i fingeren uten å lage ein lyd.
Flinke jenta vår!
Ho forstod heller ikkje poenget med plaster på fingeren, så det tok ho av med ein gang.
Hehe!
mandag 15. februar 2010
Nåla i høystakken..
Eit handavtrykk i "sølv" og kort med dikt som barnehagen hadde fiksa for ho.
Ei bok om sjokolade. Skal sei jenta kjenner meg.. Er vel ikkje så vanskelig å finne ut at eg er sjokoman.. I tillegg hadde ho laga ein fin blomster på skulen.
I anledning Valentinesdagen lagde eg ei hjertekake til min kjære. I tillegg fekk han ei drikkeflaske han hadde ønska seg. Eg ser ikkje poenget med kopper/krus og bamser o.l. Så her kjøper eg heller nødvendige ting, til og med på slike dager.
Me fekk igjen vatnet torsdag og fredag, så her i huset føles det som LUKSUS å kunne vaske sine egne klær og kunne dusje når ein sjølv vil - uten å måtte planlegge det og høyre med svigers først.
Dere etterlyste eit bilde etter frisørbesøket.
Har ingen fine bilder etter den tid, men Ronja tok eit bilde av meg - så derfor må det bli det. Så versågod, her er den usminka og bleike versjonen av meg (på avstand).
fredag 12. februar 2010
Forelska..
Hjertet mitt smeltar kvar gang eg kikker på kjærligheitsbarnet vårt.
Uannsett kva ho gjer, og uannsett kor trøytt eg er - så klarer eg aldri å bli irritert på ho. Eg må berre smile, sjølv om det betyr sjokolade over alt.
Eg er like glad i barna mine!
Men merker at det er noko heilt anna å bli mamma no som 27åring enn som 20åring da eg fekk Ronja. Ikkje at alderen treng å ha noko å sei.. Kanskje det at det er nr.2, gjer alt så anleis..? At eg er meir moden som mamma.
Og ikkje minst tanken på at Marielle er vårt siste barn..
Me skal ikkje ha fleire barn, uannsett!
Er nok derfor ho fortsatt ligg på rom med oss, sjølv om me har rom ståande som "ventar" på ho. Eg elsker lørdags og søndagsmorningane når me våkner i samme rom, og me tar ho over i vår seng. Og det å legge seg i samme rom som ho, og høyre pusten hennas og den gode babysnorkinga.
I går var det karneval i barnehagen. Ho var utkledd som tiger. Verdens nydelegaste tiger. Ho forstod sjølvsagt ingenting av det, men me voksne syntes det var stor stas. Ho hadde fått kindersjokolade, rosiner, kjeks og saft i barnehagen. Og gjett om det fallt i smak da.. Hehe!
Det er herlig å være forelska!
I både min kjære og i mine barn!
Eg er heldig!
onsdag 10. februar 2010
Frisørbesøk..
Samler dere på f.eks bestikk eller kaffeservise?
Hei solstråle..
..............................................
Trond Haukedal er ein av landets ledende motivatorer, kurs og foredragsholdere. Han har bred erfaring som kjøpesenterleder og annonsesjef, kombinert med lang klinisk erfaring. Dette gjer han til ein konkret, tydeleg og folkeleg formidler.
www.trondhaukedal.no
...............................................
I regi av kjøpesenteret eg arbeider på, var eg på motivasjonskurs i gårkveld.
Etter ein 8 timers arbeidsdag er ein nokså trøytt i kroppen, og ein oser ikkje akkurat av energi. Etter berre å ha sett den energiske kroppen/oppførselen til Trond Haukedal, er den lange arbeidsdagen gløymt. Og når han da åpner munnen og prater i 2 timer framover, ler du så tårene triller. Og energien..? Jo, den har da smitta over fra Trond Haukedal til alle oss andre i salen.
Har dere nokon gang i framtida muligheiten til å vera med på eit foredrag/kurs i regi av Trond Haukedal, så sei ja takk og møt opp! Du vil ikkje angre!
...............................................
"- TUSEN KRONER er landets største pengeseddel, og således mitt symbol på at absolutt alle mennesker har en høy og lik egenverdi. Men dette er ikke alltid like lett å huske på....!
Det handler om HOVEDROLLEN i livet vårt. Å være deg og meg. Skal vi lykkes optimalt som menneske, partner, forelder, venn, medarbeider eller leder - er forholdet til oss selv NØKKELEN!"
-Sitat Trond Haukedal-
..................................................
For å bli gode til å forholde oss til andre personer, må ein bli god til å like seg sjølv.
Me må tenke over korleis me møter andre mennesker, og ikkje minst - korleis dei oppfatter oss.
Hvis eg møter opp på arbeid mutt og lei ein dag, og omtrent ikkje snakker til mine medarbeidere - kan dei kanskje tru at det er dei det er noko galt med. At dei kanskje har gjort noko galt. Dei begynner å bekymre seg uten at dei egentleg er klar over det. Det skjer i underbevisstheiten, og påvirker dermed deira adferd også. For dei veit ikkje at det er berre eg som har ein dårleg dag.
Neste gang eg har ein slik dag, skal eg spøke med det og informere mine medarbeidere om det. Da har eg gjort mitt, for at dei ikkje skal mistolke min adferd.
Det koster så lite og betyr så uendeleg mykje!
Ta vare på deg sjølv og dei andre rundt deg!
Få orden på dei negative følelsene dine!
Vær positiv!
Adferden din påvirker ikkje berre deg sjølv!
......................................................
Eg gjorde eit forsøk i dag.
Eg gikk fra "Å herregud" til "Å herregud solstråle"..
Kanskje eg er "berre" ein solstråle i morgen... :)
..........................
Ha ein strålandes dag!!
mandag 8. februar 2010
Krydderhyller..
Kanskje det er for kaldt der nede til lakkering..?
Det har komt stygge sprekker og "rukker" på eit par av tinga eg har lakkert. Serviettholderen min er berre til å kaste ein viss plass.
Den eine krydderhylla mi har ein del sprekker i lakken, men hvis hylla er full av krydderglass - så er det ingen som ser det..
Slik blei resultatet på avstand:
Ute er det endelig begynt å skje saker og ting. Endelig er me nærmare det å ha vatn i huset igjen.
Det har vert graving ute i hagen/tunet i dag. Den SVÆRE gravemaskina. Huset virka lite i forhold. Og "grabben" eller kva det heiter, var mykje større enn vindua i huset.
Så eg følte meg nokså liten her inni huset i forhold...