Dei siste dagane har eg planlagt å skifte lommebok for ein periode, og visste eg hadde ei eller to lommebøker eg kunne tenke meg å bruke. Men kor var dei? Eg hadde latt Ronja leike med dei, så å finne dei igjen i leikene hennas - var som å leite etter nåla i høystakken.
I heile går gjekk eg å grubla over kor dei kunne vera.. Eg fekk det absolutt ikkje ut av hovudet.. Satte eg meg ned for å gjer noko anna, vart eg rastlaus. Så eg måtte rett og slett endevende rommet til Ronja før eg fann dei, og før eg kunne slappe av. Eg fann kunn den eine, men den er allerede tatt i bruk.
Morsdagen/Valentinesdagen/Fastelavnssøndagen starta med at eg våkna utkvilt etter ei natt med 9 timer sammenhengande søvn. Eg fekk våkne av meg sjølv, og ikkje av vekkerklokka. Ubeskrivelig god følelse!
Marielle sov over hos besteforeldre. Me var der på taco lørdagskvelden og dei ville at ho skulle sove der natt til søndag.
Resten av dagen gjekk med til rydding av bil og firmabil i mildværet, baking av krydderkake, henting av barn, Mc Donaldstur i Trondheim, besøk og sjølvsagt litt heimekos.
Mine flotte morsdagsgaver fra Marielle:

Eit handavtrykk i "sølv" og kort med dikt som barnehagen hadde fiksa for ho.
TIL MOR
Det hender du blir lei deg
fordi jeg er så liten.
Jeg setter merker alle steder
og gjør deg ganske sliten.
Men hver dag blir jeg større,
ja, en dag blir jeg stor.
Og alle mine avtrykk
blir bare svake spor.
Så her er mine avtrykk
så du kan huske og forstå,
hvor store hender og føtter jeg hadde
den gang de var små.
Det diktet der er så søtt at eg får tårer i augene kvar gang eg høyrer det..
Endelig fekk eg det sjølv i gave fra min minste datter.
Mine flotte morsdagsgaver fra Ronja:


Ei bok om sjokolade. Skal sei jenta kjenner meg.. Er vel ikkje så vanskelig å finne ut at eg er sjokoman.. I tillegg hadde ho laga ein fin blomster på skulen.
I anledning Valentinesdagen lagde eg ei hjertekake til min kjære. I tillegg fekk han ei drikkeflaske han hadde ønska seg. Eg ser ikkje poenget med kopper/krus og bamser o.l. Så her kjøper eg heller nødvendige ting, til og med på slike dager.

Me fekk igjen vatnet torsdag og fredag, så her i huset føles det som LUKSUS å kunne vaske sine egne klær og kunne dusje når ein sjølv vil - uten å måtte planlegge det og høyre med svigers først.
Dere etterlyste eit bilde etter frisørbesøket.
Har ingen fine bilder etter den tid, men Ronja tok eit bilde av meg - så derfor må det bli det. Så versågod, her er den usminka og bleike versjonen av meg (på avstand).


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar