Vaskemaskina vår dura og gjekk. 10 minutt etterpå gjekk eg for å sette på oppvaskmaskina.
Men virka den? Nei, den fekk ikkje vatn..
Eg sjekka springen på kjøkkenet, og jammen var me uten vatn igjen. Etter 4 dagar med vatn, mista me det igjen.
At det går an..
Heldigvis kom det folk frå samme firmaet som var her før helga, og fiksa opp i problemet.
Vatnslangen er lagt oppå jorda/plenen pga tæle, med varmekabel rundt.
Dei skulle ha lagt isolasjon rundt der i tillegg pga den ikkje er nedgravd, så det gjorde dei i dag.
Etter ein times arbeid, hadde me vatn igjen HELDIGVIS.
Kva blir det neste..?
Det siste året føler eg det har vore noko negativt heile tida. Det eine har avløyst det andre.
Etter me fekk beskjed om å betale FULL HUSLEIGE til tross for 1 mnd uten vatn, vart me nokså paff og forbanna.
Dessverre er det lite me kan gjer med det, sjølv om det står i div lover at huseiger ikkje har lov til å ta betalt for full husleige når det har vert mangler ved utleigestaden.
Samboer skal daglig ha kontakt med huseiger pga jobb, så derfor tørr ikkje me å diskutere og krangle med han. Spesielt da huseiger sa han vart forbanna over at me kunne komme med eit slikt forslag. Det der kom me til å angre på.. (Trussel?)
Skal neimen ikkje sjå vekk i frå at me får rekning på heile gravinga og reparasjonar..
Gjett kven som kom heim med nydelig blomsterbukett til meg no i kveld..?
Min kjære:)
Gjett kven som jobbe i heile morgen, heile fredag og drar på ei vekes tur fredagkveld..?
Meg!
Kjempefint å få blomster, men eg vart nesten meir lei meg enn glad.
NYDELIGE ROSER som eg ikkje får sjå og nyte synet av..
Han kunne ikkje tenke på alt heller, fekk eg til svar..
Hehe!
I kveld har eg tatt meg ein god dusj, for formen min har vert dårlig i heile dag. Vond i hodet og litt vondt i øyrene, så eg har hatt mine bedre dager.
Her er mine favorittprodukt til håret:


Om dagane bruker eg desse to produkta også, i tillegg til at eg stort sett retter håret mitt med rettetang:


Produkta er frisørsalongpriser, men eg ønsker meg slikt til bursdager/jul og evt andre anledninger. I tillegg har stempelkort hos frisøren, så av og til får eg rabatt på slike produkt.
Fann ei side på nettet som selger slike produkt, det er derifra eg eg lånt bilda:
www.beautybay.com
Kanskje eg skal prøve å bestille derifra..
Berre så dumt med den idiotiske tollavgifta.
Minstesnuppa var med pappaen sin til legen i dag, og fekk medisin for den stygge hosten sin. Fekk sprøytestikk i fingeren uten å lage ein lyd.
Flinke jenta vår!
Ho forstod heller ikkje poenget med plaster på fingeren, så det tok ho av med ein gang.
Hehe!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar