Nei, dette er ikkje min mage..Ikkje er eg gravid heller..
Det har eg vert for siste gang..
Eg har 2 nydelige barn og eit nydelig stebarn, så eg klarer meg med dei 3.
Grunnen til bildet er:
Eg blir så mektig provosert over dei som seier at graviditet ikkje er nokon sjukdom.
At hvis ein virkelig vil, så kan ein jobbe heile graviditeten uannsett kvalme og bekkenløsning..
Ja, kan ein virkelig det?
Eg var KONSTANT kvalm i 8 mnd i mitt siste svangerskap.
Sofaen og senga var mitt tilholdssted i dei 8 mnd, bortsett fra nokre få turer ut fra huset på mine aller beste dager. Men når eg da kom heim var eg så utkjørt at eg vart 10 ganger dårligere dagen etterpå.
Kva var grunnen til at eg var konstant kvalm med ekstrem svangerskapskvalme..?
Jo, det var pga graviditeten eg vart sjuk og sjukmeldt!
Graviditeten min var ingen sjukdom, men den gjorde meg sjuk!
Dei som seier noko bør først og fremst ha eigne erfaringer å basere utsagnene sine på - før dei trykker/kommenterer slikt.
Men som regel er det dei med perfekte svangerskap som kjem med slike utsagn..
Så sorry meg, men dei aner ikkje kva dei uttalar seg om!
Hadde eg fått bestemt sjølv, så hadde eg aldri i verden ligge kvalm dag på dag, måned på måned, kjendt at alt blei berre tyngre og tyngre både fysisk og psykisk - men hvis det var det eg måtte igjennom for å få verdens beste premie, så gjerne det.
Men å bli beskylda på generelt grunnlag for å legge meg ned å sture og sutre, og å gjer meg sjuk berre pga graviditeten - så blir eg meget provosert.
No kan eg berre uttale meg om svangerskapskvalme, for det var kunn det eg hadde.
Men eg veit om tilfeller med bekkenløysning, som har fått beskjed om å være rolig resten av svangerskapet hvis dei ikkje vil risikere å bli avhengig av krykker/rullestol måneder etter fødselen..
Og da er vel valget nokså enkelt, spør du meg..
Eg skal ikkje dømme nokon..
Men eg vil gjerne høyre andre sine synspunkter om denne saken..
(Bildet i innlegget er tatt fra nettsida: http://mammanett.no/graviditet/stormage_galleri )

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar