onsdag 10. februar 2010

Hei solstråle..


"Hei Solstråle", skulle eg sei til meg sjølv da eg kikka i baderomsspeilet kl.06:15 i dag.
Men det eg sa var: "Å herregud, solstråle!!"

Kvart menneske brukar i gjennomsnitt 8 sekunder på å gå fra senga og inn/opp/ned på baderommet, og i det niende sekundet kikker du enten i speilet eller du setter deg på do.

Dei fleste som kikker seg i speilet, ser ikkje på eit våkent og vakkert "morgentryne" og mange tenker kanskje som meg: Å herregud (så trøytt eg er)!
Med dei orda er slaget tapt allerede.. Ein føler seg ikkje akkurat pigg og full av sjølvtillit etter eit slikt møte tidlig på morgenen.

Kvifor ikkje starte dagen med: "Hei solstråle" eller "God morgen solstråle"?
Mest trulig blir det heile så komisk at du blir stående med eit smil om munnen, og dermed er du i gang. Du har fått ein nokså bra start på dagen allerede. Faktisk etter berre 8-12 sekunder..

..............................................

Trond Haukedal er ein av landets ledende motivatorer, kurs og foredragsholdere. Han har bred erfaring som kjøpesenterleder og annonsesjef, kombinert med lang klinisk erfaring. Dette gjer han til ein konkret, tydeleg og folkeleg formidler.

www.trondhaukedal.no

...............................................

I regi av kjøpesenteret eg arbeider på, var eg på motivasjonskurs i gårkveld.

Etter ein 8 timers arbeidsdag er ein nokså trøytt i kroppen, og ein oser ikkje akkurat av energi. Etter berre å ha sett den energiske kroppen/oppførselen til Trond Haukedal, er den lange arbeidsdagen gløymt. Og når han da åpner munnen og prater i 2 timer framover, ler du så tårene triller. Og energien..? Jo, den har da smitta over fra Trond Haukedal til alle oss andre i salen.

Har dere nokon gang i framtida muligheiten til å vera med på eit foredrag/kurs i regi av Trond Haukedal, så sei ja takk og møt opp! Du vil ikkje angre!

...............................................

"- TUSEN KRONER er landets største pengeseddel, og således mitt symbol på at absolutt alle mennesker har en høy og lik egenverdi. Men dette er ikke alltid like lett å huske på....!

Det handler om HOVEDROLLEN i livet vårt. Å være deg og meg. Skal vi lykkes optimalt som menneske, partner, forelder, venn, medarbeider eller leder - er forholdet til oss selv NØKKELEN!"

-Sitat Trond Haukedal-

..................................................

For å bli gode til å forholde oss til andre personer, må ein bli god til å like seg sjølv.
Me må tenke over korleis me møter andre mennesker, og ikkje minst - korleis dei oppfatter oss.

Hvis eg møter opp på arbeid mutt og lei ein dag, og omtrent ikkje snakker til mine medarbeidere - kan dei kanskje tru at det er dei det er noko galt med. At dei kanskje har gjort noko galt. Dei begynner å bekymre seg uten at dei egentleg er klar over det. Det skjer i underbevisstheiten, og påvirker dermed deira adferd også. For dei veit ikkje at det er berre eg som har ein dårleg dag.

Neste gang eg har ein slik dag, skal eg spøke med det og informere mine medarbeidere om det. Da har eg gjort mitt, for at dei ikkje skal mistolke min adferd.

Det koster så lite og betyr så uendeleg mykje!

Ta vare på deg sjølv og dei andre rundt deg!
Få orden på dei negative følelsene dine!
Vær positiv!
Adferden din påvirker ikkje berre deg sjølv!

......................................................

Eg gjorde eit forsøk i dag.

Eg gikk fra "Å herregud" til "Å herregud solstråle"..

Kanskje eg er "berre" ein solstråle i morgen... :)

..........................

Ha ein strålandes dag!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar