lørdag 6. februar 2010

Helg - luksus..

Helga mi starta ein time tidligare enn først tenkt.
Eg fekk gå heim ein time før fra arbeid, pga lite kunder.

Eg kjørte på Rema 1000 å handla inn mat til helga, henta resten av familien og tok eit godt bad hos svigers. Med peeling, barbering, shampo og balsam. Etterfulgt av ein god body lotion eg kjøpte meg tidligare på dagen, på Cubus.


Samtidig fekk eg vaska ei maskin med klær der. Eg held på å bli tullete av å frakte skittentøy og reine klær hit og dit, så det kjem godt med at det blir graving og tining av vatnrøyr mandag. 3-4 veker uten vatn tærer på tolmodigheiten.

Då me kom heim og ungane var komt i seng, var det tid for litt kveldskos.
Min kjære sovna tidleg på sofaen, så eg måtte fint "tilfredsstille" meg sjølv med..

.....sjokolade og litt lesestoff: "Foreldre og Barn".

I dag våkna eg opp til nydelig vær, og heile den herlige familien min. Heile veka går eg å gledar meg til å våkne opp med familien min i helga, uten å bli vekt av vekkerklokka kl.06.

Å våkne opp til helg med glade barn og min kjære er luksus for meg!!





Mens Marielle hadde første duppen sin kjørte eg på Domus-senteret og Europris. Kjøpte bl.a stoff og blonder til to pynteputer eg skal lage og meir kvit lakk til "lakkeringsprosjektet mitt".

Planen var å gå på skøyter på skøytebana "vår", men me hadde akkurat komt nedpå bana -da brannbilen kom for å fylle på enda meir vatn på bana.
Da vart det heller ein kort gåtur og litt uteleik i hagen, for både store og små.



I kveld skulle me egentlig på middag hos svigers, men planane vart endra - så me måtte bestille oss tacopizza, som smakte veldig godt.


No skal eg slappe av med litt zero og paprika potetgull..
Ha ein fin lørdagskveld, folkens!


torsdag 4. februar 2010

A-Å..

Eg blei inspirert av ein blogg eg leste, så no skal eg prøve å beskrive meg sjølv gjennom bokstavene A-Å...

A: Arbeider 60% stilling..
B: B er forbokstaven i navnet mitt..
C: Coca Cola Zero er min favoritt-brus..
D: Drikker mykje zero eller pepsi max..
E: Elsker min kjære..
F: Freia Melkesjokolade er altfor godt..
G: Golf var min første bil..
H: Har spelt fotball i mange år..
I: Interiør er min interesse..
J: Ja, er mykje lettare å sei enn, nei..
K: Kjøttkaker er min livrett..
L: Liker familietid..
M: Mamma til 2 supre jenter..
N: Napper øyebrynene mine..
O: Opera er det verste eg høyrer..
P: Pappa bur i Oslo..
Q: Q-melk har eg aldri drukke..
R: Romantisk..
S: Sogndal er plassen eg er oppvokst..
T: Tørr ikkje kjøyre fort på vinterføre..
U: Underganger misliker eg..
V: Vatnlaus i 3 veker pga frost..
W: Water kjøpte eg meg for 3-4 år sidan..
X: X `er har eg ikkje mange av..
Y: Ytterst sjelden eg tar meg ein fest..
Z: ZZzzzovner snart..
Æ: Ælske dæ,seier min kjære daglig til meg..
Ø: Ønsker meg nytt kamera..
Å: Å er forbokstaven i etternavnet mitt..

Tar dere den samme utfordringen, kjære lesere..?

onsdag 3. februar 2010

Gravid/sjukdom/sjukmeldt..

Nei, dette er ikkje min mage..
Ikkje er eg gravid heller..
Det har eg vert for siste gang..
Eg har 2 nydelige barn og eit nydelig stebarn, så eg klarer meg med dei 3.

Grunnen til bildet er:

Eg blir så mektig provosert over dei som seier at graviditet ikkje er nokon sjukdom.
At hvis ein virkelig vil, så kan ein jobbe heile graviditeten uannsett kvalme og bekkenløsning..

Ja, kan ein virkelig det?

Eg var KONSTANT kvalm i 8 mnd i mitt siste svangerskap.
Sofaen og senga var mitt tilholdssted i dei 8 mnd, bortsett fra nokre få turer ut fra huset på mine aller beste dager. Men når eg da kom heim var eg så utkjørt at eg vart 10 ganger dårligere dagen etterpå.

Kva var grunnen til at eg var konstant kvalm med ekstrem svangerskapskvalme..?

Jo, det var pga graviditeten eg vart sjuk og sjukmeldt!
Graviditeten min var ingen sjukdom, men den gjorde meg sjuk!

Dei som seier noko bør først og fremst ha eigne erfaringer å basere utsagnene sine på - før dei trykker/kommenterer slikt.
Men som regel er det dei med perfekte svangerskap som kjem med slike utsagn..
Så sorry meg, men dei aner ikkje kva dei uttalar seg om!

Hadde eg fått bestemt sjølv, så hadde eg aldri i verden ligge kvalm dag på dag, måned på måned, kjendt at alt blei berre tyngre og tyngre både fysisk og psykisk - men hvis det var det eg måtte igjennom for å få verdens beste premie, så gjerne det.

Men å bli beskylda på generelt grunnlag for å legge meg ned å sture og sutre, og å gjer meg sjuk berre pga graviditeten - så blir eg meget provosert.

No kan eg berre uttale meg om svangerskapskvalme, for det var kunn det eg hadde.
Men eg veit om tilfeller med bekkenløysning, som har fått beskjed om å være rolig resten av svangerskapet hvis dei ikkje vil risikere å bli avhengig av krykker/rullestol måneder etter fødselen..
Og da er vel valget nokså enkelt, spør du meg..

Eg skal ikkje dømme nokon..
Men eg vil gjerne høyre andre sine synspunkter om denne saken..

(Bildet i innlegget er tatt fra nettsida: http://mammanett.no/graviditet/stormage_galleri )



mandag 1. februar 2010

Prosjekt jenterom..

...til 7 åring som elsker rot og "rydde" sjølv..

Hvis eg rydder rommet hennas ein dag, ser det bomba ut neste dag - så det er enkelt og greitt: Håpløst!

I tillegg er huset me bur i gammelt og med snodige løsninger. Spesielt på dette jenterommet vises det, med tanke på vindu i lav høyde.
Det er heller ikkje så lett å være 7 år og vil ha "ungdomsrom" samtidig som ho leiker med dokker og Barbie..
Så me har prøvd å lage ein "middelveg"..





I går og i dag..

Eg sitter å kikke ut på det nydelige været. Dessverre er det altfor kaldt til at eg kan ut med minstesnuppa. Det er berre minus 15 grader i dag, mot minus 25 i går. Tidligare i vinter har eg sett 30 tallet på gradestokken vår også, så minus 15 grader er omtrent som mildvær å rekne etter den opplevelsen.
Sola skinner i dag, noko den ikkje gjorde på dette bildet som blei tatt av gardsvegen vår mot naboens hus, i helga.


I går hadde me ein avslappandes dag, der me gjorde litt forefallande arbeid her heime. Me henta Ronja etter helgebesøk hos faren, og besøkte svigers på tur heim.
Der hadde me planer om å dusje (pga manglende vatn her heime), men det blei kunn ein iskald hårvask på oss voksne. For varmtvannstanken deira vart sjølvsagt ødelagt i går. Snakk om uflaks!

Minstesnuppa fekk ei kjempefin strikkabukse (beige med brune striper), som bestemora hadde kjøpt til ho på messe. Slike klær kjem godt med når det er så kaldt.

I dag våkna eg faktisk nokså opplagt, til tross for ei veke med manglende søvn.

Eg rota i sammen fyll til ei eplekake mens eg gav Marielle brødskive til frukost. Tok ein ny vri og lagde heller muffins av røra. Dei vart heilt grei på smak. Ronja blir nok glad når ho kjem heim fra skulen og kan få muffins som mamma har laga.




I og med at dagane begynne kl.06:15 hos oss, blir det tidleg frukost. Så eg laga meg lunch i 11-tida mens Marielle sov i senga si. Eg laga noko så enkelt som omelett med kalkunpålegg og ost.


No skal eg prøve å pakke ut kofferten som Ronja hadde med til faren i helga, så den ikkje blir ståande til neste helgetur igjen. Det har dessverre skjedd før. At eg berre har tatt skittenklærne og glømt kofferten med innhold, heilt til pappahelga kjem igjen. Sløv? Eg? JA!

Avslutter innlegget med eit bilde av meg og Marielle, tatt i helga:)



lørdag 30. januar 2010

Uten vatn..

No går me inn i veke 3 UTEN VATN her i huset pga frost.

Tolmodigheiten min blir virkelig satt på prøve, mildt sagt. Sidan me leiger huset her, er det huseiger som må ordne opp. Virker ikkje som det haster så fælt for han.. I tillegg er det laaang ventetid både på rørleggere og folk som har med tining og graving å gjer..

Me har fått beskjed om at kanskje det blir ei løysning i løpet av neste veke..
Eg er lei av å hente vatn hos svigers i dunk..
Eg er lei av å kjøyre skittentøyet vårt bort til dei, og la svigermor vaske klærne våre..
Eg er lei av å ikkje kunne dusje meg sjølv eller barna mine akkurat når det passer MEG..

Ein blir så forbanna "hjelpeslaus" uten vatn!!
Totalt avhengig av andre!

Ingen drømmesituasjon for ein småbarnsfamilie..
...............................................

Marielle har begynt å røyse seg opp etter sofaen og stå oppreist.
Har gjort det fleire ganger i løpet av dagen, mens eg var på arbeid.

I går begynte ho å krabbe.
Hittil har ho vert strålende fornøyd med å åle seg framover på magen i racerfart.
Så har ho lært "klappesøte" og "hodeskulderkneogtå" i barnehagen.

Det skjer PLUTSELIG så masse i utviklingen hennas, og eg er kjempestolt mamma!

Eg er ikkje vandt til krabbende barn, for Ronja var ROLIG som lita. Ho orka ikkje å gå før ho blei 18-19 mnd. Ikkje krabba ho heller. Satt rett opp og ned på ein plass.
Så det er to forskjellige barn eg har fått! Noko som gjer det heile ekstra spennende.

"Villbassen"

Eg vurderer å hoppe tidlig til køys på ein lørdag.

Har vert på arbeid fra 10-18, og det var sinnsjukt mykje folk på kafeen i dag - så eg er nokså pumpa..

I stolen ved sida av meg høyrer eg snorking, så det er koselig med mannlig selskap ein lørdagskveld;)


Sovner dere også på sofaen?

fredag 29. januar 2010

Lakkering..


Nå er det ingen vei tilbake...
Eller..
Joda, det er nok det hvis eg skulle angre meg..
Da eg flytta heimanfrå for 8-9 år sidan, skulle eg ha alt svart.
Black Design helst.
Sidan har det prega dei forskjellige plassane me har budt.
Men no er eg lei. Har tatt fram lakkboksen og det meste i black design på kjøkkenet skal bli kvitt!
Gleder meg til å sjå det ferdige resultatet!
Eg har bl.a to krydderhyller som er på veg til å bli kvit.
*Me like*
Den eine er avbilda øverst i innlegget her.
Så har eg knagger, serviettholdar, stativ til fat og filterposestativ. Alt dette og meir til skal få ny farge i løpet av dei kommande dagane.
Lover å legge ut bilder av det ferdige resultatet på kjøkkenet, når den tid kjem:)

onsdag 27. januar 2010

Partylite..

Sitt å et ein god frukost som eg har totalt dilla på for tida. Grovt Sportknekkebrød med kvitost + egg ved sida av. Prøver å innbille med at det er veldig sundt, hadde det ikkje vert for det laget med syltetøy eg har på i tillegg..

Eg eiger ikkje ståpåvilje i det heile tatt når det gjelder meg sjølv, og det er grenseløst irriterende. Som f.eks det å gå ned i vekt. Eg har klart å gått ned ein del kilo, men mange gjennstår.

Kvifor skal det være så forbanna godt med sjokolade???
Eg ELSKER SJOKOLADE!!!
Eg er ein sjokoman!

Me stod opp kl.06 heile gjengen for å gjer Ronja klar til skulen. Så da klokka passerte 08:00, gikk eg og Marielle å sov første duppen for dagen.
Ikkje det at eg bruker å ha hverken 1 eller 2 dupper for dagen, for det har eg som regel aldri tid til. Men i dag var det utrulig godt!

I gårkveld var eg på Partylite-party. Første gang eg var på den type homeparty. Det har stort sett gått i Casa Interiør, Oriflame, Tupperware eller Happy Design.
Artig å være med på noko nytt.

Kjøpte håndpleieprodukter som eg virkelig trenger pga hendene blir til knusktørre sandpapir når eg er på arbeid.

Det vart sendt rundt ein bodylotion som var utrulig god, både i lukt og konsistens. Den lukta: Strandliv. Den berre måtte eg ha...


Bilda er lånt fra internettsida: http://www.partylite.no/

Dei selger pyntegjenstander og middagsservice også, men denne gangen fallt fristelsen min på eigenpleieprodukter og ein pakke telys.

Liker du å gå på homeparty?

Har du vert på Partylite Party?

tirsdag 26. januar 2010

Søndag..


Søndag var me på fjelltur på Ulvåsen, så ungane fekk gå på ski.
Ronja og Jonas var verdensmestera allerede før skia var komt på beina, men vart fort litt meir usikre da skia var komt på.
Øvelse gjer meister!
Så me skal nok opp dit fleire ganger med ungane i løpet av vinteren.

Me hadde med oss solbærtoddy og mange brødskiver med forskjellig pålegg. Både store og små storkosa seg.

Marielle satt godt i vogna dei 2-3 timane me var der. Fjellufta gjorde ho trøytt, så ho tok seg ein litt lur mens me var der.

Eg for min del, fekk nok for mykje frisk luft - for eg låg strak ut på sofaen resten av ettermiddagen. Godt inni pleddet mitt, som eg fekk av min kjære til jul. Der låg eg å kikka på 3 fornøyde ungar med røde kinn, og ein halvsliten gubbe som måtte lage middag til oss:)

Livet er herlig!

lørdag 23. januar 2010

Rosebukett..

Da eg endelig var ferdig på arbeid i går kl.18 var eg dødssliten.
Alt eg ville var å kulan totalt på sofaen resten av kvelden, MEN eg hadde lova å lage middag når eg kom heim - så det måtte eg fint gjer.

Eg var ikkje før begynt med middagen, før min kjære fikk telefon fra foreldra. Dei ville komme å feire bursdagen til min kjære som var den 21.januar. Så dei kom med kake, peng i bursdagsgave og blomsterbukett til meg.

Treng eg å sei at det ikkje vart så mange avslappande timer på sofaen..?



Rosene fekk eg pga alt styret me har hatt den veka me har vert uten vatn.
Egentlig er det me som skulle gitt svigers blomster sidan me får dysje, hente vatn og vaske klær der.. Men eg takker ikkje neitakk til fine, friske roser i stova!

I dag har me hatt utallige turer tur/retur bort til svigers som bur 100 meter borti gata her med skittentøy som skal vaskes. Herreguuuuuud, så mykje klær me bruker på berre få dager.. Eg er nesten sjokkert!
Eg har aldri tenkt så mykje over det. Er vandt med å stappe klærne i maskina uten å tenke/planlegge så mykje. Men no må me drakse det med oss hit og dit!

Håper vatnet snart kjem tilbake..
Eller det vil sei.. Håper dei snart begynner å grave her ute, så me får igjen vatnet vårt.
Det er gammelt røyrsystem og no i frosten, har eit eller anna gått galt..
I denne situasjon er eg glad for at me berre leiger småbruket her, så me slipper dei utgiftene.
Det går nok enkelt og greitt på forsikringen til våre huseiger.

Minstesnuppa har vert dårlig sidan i gårnatt. Feber og forkjøla.
Ein del sutring, men likevel verdens beste!
Smiler, babler og ler når formen er på topp.


No skal eg kose meg resten av kvelden med tv, woman, pepsi max og potetgull.



God lørdagskveld!!

onsdag 20. januar 2010

Blog award..

Gjett om eg blei overraska da eg kikka innom http://www.trillesscrappeblogg.blogspot.com/ .
Der var det jammen meg ein award til meg, som gleda meg kjempemykje. Tusen takk:)

Jenta som har den bloggen er ei tidligere arbeidskollega som eg trivdes veldig godt å arbeide ilag meg. Dessverre har ho flytta herifra, men eg har fortsatt muligheiten til å lese hennas koselige blogg.
Ho skriver bl.a om: digiscrapping, kortlaging og legger ut nydelige foto.


7 ting om meg:

1. Er opprinnelig fra Sogn og Fjordane, men har gjort trønder av meg. Om det er for alltid eller midlertidig anes ikkje. Kjem an på kva vi bestemmer oss for.

2. Har ein nydelig familie som består seg av min kjære samboer/forlovede og våre "min, din og vårt" barn. Ein hypermoderne familie med andre ord.

3. Eg savner familie og venner fra Sogn altfor mykje, og merker at det å komme til ein ny plass å bygge nytt nettverk - er ikkje lett.

4. Elsker scrappbooking og kortlaging, men det har blitt dårlig med tid til overs for det det siste året. Lover å legge ut bilder av det når eg har vert i mitt kreative hjørne igjen.

5. Elsker alt som har med gamle møbler, oppussing og interiør å gjer. No bur me i eit gammelt hus me leiger. Med tid og stunder kjøper vi oss vårt eige hus. Da skal mange av mine drømmer og planer til livs.

6. Er altfor glad i sofaen, tven og pcen - så blir dårlig med trening. Ikkje at eg tar det så altfor tungt. For dei dagene eg er på arbeid, springer eg rompa av meg omtrent.

7. Er overromantisk, så her tennes ikkje berre eit stearinlys på kveldene.. Men kanskje over 10-20 stk...

.................................................................

Så skal eg finne 7 stk som skal få denne awarden fra meg:

1. http://mammagrete.blogg.no/. Eg og ho brevveksla i mange år, fra før ho blei gravid med sin eldste sønn. Nå er eg så heldig å få følge ho videre i bloggen hennas. Der skriver ho bl.a om: familien sin, gleden over livet, hennas levertransplanterte sønn, opp og nedturer. I tillegg legger ho ofte ut nydelige bilder av hennas nydelige barn/familie.

2. http://www.veronikad.blogspot.com/. Denne jenta traff eg på BV, da vi har jenter på samme alder. Ho la ut linken til bloggen sin på BV-forumet vårt og etter det har eg vert "frelst". Må innom å lese kvar dag. Ho skriver bl.a om: hennas vesle familie, venner, oppussing av deiras nye hus..

3. http://vakreverden.blogspot.com/. Denne jenta møtte eg gjennom eit aldri så lite BV-treff her i bygda. Er ei lita stund siden ho har oppdatert bloggen sin, så eg savner å lese hos ho. Ho skriver bl.a om: oppussing, antikkjøp som blir som nye, familien sin..

4. http://ibux.blogg.no/. Denne jenta treffer eg ofte på BV-forumet vårt. Er veldig glad i å lese bloggen hennas om dei kvardagslige ting som opptar oss alle. Dessuten legger ho ut mange fine bilder av hennas skjønne datter på samme alder som minstesnuppa mi.

5. Så er det Kine (med lukka blogg) som eg er inne å leser hos kvar dag. Eg og ho har brevveksla i mange år, før det tørka ut. Så var det ED ei stund. No har me muligheiten til å holde kontakten via facebook og blogginga. Ho har ein nydelig sønn, som eg blir like sjarmert av kvar gang eg ser bilder av han eller høyrer historier om han. Ho er utrulig flink når det gjelder scrapping, og har inspirert meg mang ein gang.

6. Tryllestav blei eg kjendt med gjennom ED. Da eg slutta å være der inne, var eg så heldig at eg snappa opp bloggen hennes. Ho er samboer med ein sambygding av meg, og har studert i samme bygda som eg kjem i fra. Me like! Ho har ein koselig blogg der ho skriv om alt mellom himmel og jord. No for tida går det i bryllupsplanlegging:) Gleder meg på dine vegner:) I tillegg tar ho fantastiske bilder og legger ut i bloggen sin.

7. http://minvinterverden.blogspot.com/. Denne bloggen er eg innom med jevne mellomrom, og har blitt inspirert mang ein gang.
............................................................


1. Kopier awarden til bloggen din.
2. Link til den personen som ga deg awarden.
3. Fortell 7 interessante fakta om deg selv.
4. Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til.
5. Link til deres blogger.
6. Legg igjen en kommentar i bloggen deres slik at de får vite om denne awarden.



tirsdag 19. januar 2010

Tidlig barnehagealder..

Ut i fra mange sin generelle mening, er eg ei mindre god mamma som ikkje vil barnet mitt det aller beste.
Hadde eg virkelig gjort det, hadde eg ikkje hatt barnet mitt (på under 1 år) i barnehagen.

Men da lurer eg på...
Kva er best?
Å ha barnet i barnehage og dermed kunne forsørge familien, eller gå heime med familien og sanke inn innkasso på innkasso pga ein går i minus kvar måned..?

Eg er så lei av at folk synst synd i barnet mitt (og andre sine) fordi dei må i barnehagen i tidlig alder.

Jenta vår stortrives i barnehagen. Det første ho gjer når ho kjem i armene til dei voksne i barnehagen, er å gi dei ein god kos. Ho leiker seg fint i barnehagen. Sover godt og eter dobbelt så mykje der enn kva ho gjer heime til vanlig.

Eg har gått ned i arbeidsstilling for å kunne være heime med ho 2 dagar i veka. Dei dagane nyter me begge to.
Eg føler eg gjer det eg kan i forhold til vår situasjon, og eg gjer det som passer oss.
Såklart var ikkje me overlykkelig over at ho måtte i barnehage før ho fyllte 1år, men ho er absolutt ikkje den einaste.

Så lenge ho trives, så er me glad for det valget me har tatt.

Eldstejenta begynte ikkje i barnehage før ho var 3år. Men da var me så heldig at oldemora kunne ha ho mens eg jobba kvar dag. Da høyrte eg aldri noko om at eg ikkje burde tilbake i jobb..

Dere som går heime med barna deres og har den muligheiten, dere har gjort det som passer dere og deres situasjon. Ein må gjer det som er best for kvar enkel familie. Og for all del, ikkje sjå på dette som eit kritikkinnlegg til dere heimemammaer. Alt eg ville, var å forsvare meg sjølv. For eg er ei god mamma til mine barn!!


mandag 18. januar 2010

Foto Knudsen..

No har eg skaffa meg mykje arbeid framover..
Fekk over 300 bilder i posten fra Foto Knudsen i helga.
Eg har ikkje framkalla bilder etter Marielle kom til verden, så det var på tide. Dei 300 bilda er berre fra dei 3 første mnd av livet til Marielle. Så mange bilder gjenstår å framkalle. Bilda skal inn i 3-4 forskjellige album, så gleder meg til å sette meg ned med det ein kveld eg har "ånden over meg".

I tillegg har eg forstørra opp 2 svart/kvitt-bilder av Marielle. Har ikkje bilder av ho på veggene enda. Kjøpte 2 rammer på Europris, som dei fine bilda skal inn i. Samtidig kjøpte eg ei knaggrekke som skal henge i samme kroken i gangen. Den barneknaggrekka som egentleg hang i gangen, har plutseleg skifta plass til loftgangen. "Nedprioritert" med andre ord.

I og med eg bestillte over 300bilder på ein gang hos Foto Knudsen, får eg ei gratis fotobok ved ein seinere bestilling. Sitter å lurer på kva slags bilder den skal inneholde. Det kan nesten ikkje være ein album om Marielle, i og med ho har nok album fra før..

onsdag 13. januar 2010

Gi blod..


Det hadde eg bestemt meg for å gjer, men pga piercing i tunga/slimhinner - kan eg ikkje bli blodgiver.
Så eg får sjå når eg blir "voksen nok" og tar den ut. Da skal eg melde meg som blodgiver, og gjer ein god og nødvendig gjerning.

Sjølv var eg i nesten i ein slik situasjon at eg trengte blod da eg fødte eldstejenta mi.
Eg mista ein del blod under fødselen, og enda meir i timene etter fødselen.
Låg berre å svima i senga. Registrerte knapt alle (lege, sjukepleier, jordmor) som sprang inn og ut fra rommet på føden. Der og da ble det diskutert blodoverføring, men eg klarte meg heldigvis uten..

Har du vurdert å bli blodgiver?

Eidsmo Morrpølse..

No har eg inntatt frukosten min. Kneipbrødskive med Eidsmo Morrsnack. Det er beste morrpålegget eg har smakt.
Eg er ein av dei som ikkje skal ha smør på brødskiva, så det kan til tider bli tørt med berre ei salamipølse på brødskiva f.eks.
Dette legger eg ikkje merke til med Eidsmo morrpølse. Eg har absolutt funnet min favoritt!



Nettsida til Eidsmo Slakteri As finner dere her: http://www.eidsmo.no/spekemat.html
Det er derifra eg har lånt bildet av min kjære morrpakke..

Har du eit favorittpålegg?


tirsdag 12. januar 2010

Spennende dag..

Eg er ikkje laga for å stå opp tidlig. Snakk om å ha morgentryne deluxe. Eg er ein av dei som kan skremme andre med ansiktsuttrykket mitt når eg nettopp har stått opp, mens andre ser ut som dei har vert våkne i flere timer allerede når dei står opp.

I dag er det...
Første dagen til min kjære på arbeid igjen etter pappapermisjon.
Første dag eldstejenta skal gå på skulen aleine igjen etter å ha blitt kjørt i 1.5 mnd.
Første dag eg skal leverer minstejenta i barnehagen, for så å måtte kjøre på arbeid og være der uansett.
Første dag eldstejenta skal være heime ein halvtimes tid aleine, før min kjære og minstejenta kjem heim fra barnehage og arbeid.

Ein spennande dag for alle 4!

Eldstejenta er utstyrt med mobiltelefon som ligg heime på spisebordet. Ho er 7 år, så føler ho er for lita til å ha med seg mobil på skulen og andre steder. Så løysningen var å ha den her heime. Når eg da ringer til ho, veit eg at ho er komt heim.
Mobilen er ein Nokia-modell, som ikkje går an å ta eller motta bilder med. Noko som var eit "must" når eg skulle skaffe mobil som ho skulle starte med.

*Krysser fingrene for at denne dagen går bra*

mandag 11. januar 2010

Mannfolk..

Min kjære er maler av yrke (tapeteserer, flislegger o.s.v).
Huset me leiger, har me pussa opp sidan me flytta hit for 3 år sidan (på huseigers bekostning).
Det er alltid noko som skal/bør gjerast.

Tru meg, det er mange halvferdige prosjekt her i huset.
Men kvifor male og fikse her heime?
Nei, slikt haster ikkje for han.

MEN...

Har han kjøpt seg ei utelampe, så SKAL den monteres med ein gang. Om det så er 10 minusgrader og mørkt ute.
*Ler*
Mannfolk er nokre rare figurer!!


Coop-bleier..

Fra Marielle var nyfødt har me brukt Libero og Pampers bleier til ho.
Som mange andre småbarnsforeldre følte me at bleiepakkene var dyre.

Heilt til me fant denne typen:

Med Coop-medlemsskapbonus koster denne pakken kr.19.90. Så no klager me ikkje på prisen lenger:)

Desse bleiene passer utrulig bra til jenta vår. Me har ikkje oppdaga ein einaste lekkasje, og heller ikkje den intense tisselukta som det alltid var om morgenen i Pampers og Libero sine bleier.

Bleiene er like mjuke og behagelige som merkebleiene, noko eg ikkje hadde rekna med. I og med at det er ein billigvariant.

Kva slags bleier bruker du til barnet ditt?